VF-forskar medlem av Big Data-komité i EU

Forskingsrådet har nominert professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking til medlem av EU-komitéen "High-Performance Modelling and Simulation for Big Data Applications". Komitéen er av typen European Cooperation in Science & Technology (COST). Rajendra Akerkar er ein av to norske forskarar i komitéen der 22 land er representert.

Målet med arbeidet i komitéen er å støtta opp om informasjonsutveksling og koordinering av aktivitetar mellom europeiske forskingsgrupper på området stordata (Big Data). Utnemninga er på same tida både ei anerkjenning av kompetansen vår på dette viktige forskingsområdet og ei stor mulegheit til å styrka det alt gode europeiske forskingssamarbeid innan IKT.