Vestlandsforsking treng fleire medarbeidarar

Ynskjer du å kombinera ein interessant forskarjobb i eit utviklande miljø ved Fosshaugane Campus, storslagen natur og rike mulegheiter for friluftsliv både sommar og vinter? Då kan dette vera noko for deg.

Vestlandsforsking treng fleire medarbeidarar og er no i ferd med å lysa ut ulike stillingar. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling. Vi ser etter dyktige medarbeidarar - både erfarne forskarar med og utan doktorgrad, personar med relevant erfaring og nyutdanna med mastergrad, innan fagområda IT (velferdsteknologi, semantiske teknologiar, Big Data), reiseliv, klima og industriell økologi.

Dersom du kunne tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, så følg med på utlysing av stillingar ved Vestlandsforsking som kjem snart!

Ta gjerne kontakt med direktør Merete Lunde (tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no), forskingsleiar klima og miljø, Carlo Aall (tlf:99127222, e-post: caa@vestforsk.no) eller gruppeleiar IT, Svein Ølnes (tlf: 91739918, e-post: sol@vestforsk.no).

Sjå også denne filmsnutten på youtube