Vestlandsforsking skal forska på føresetnader for klimaomstilling

Vestlandsforsking er med på eit nytt stort forskingsprosjekt som skal sjå på føresetnadane for klimaomstilling i samfunnet.

Prosjektet, med tittelen ” Primary Industries and Transformational Change” (PITCH), skal studere forholdet mellom bruk av kunnskap og handling på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå innan jordbruk og fiskeri i Norge og reindrift i Finland.

Prosjektet bygger på tidlegare forsking på klimatilpassing på ulike nivå i Norge og Finland.  Det nye prosjektet vil studere korleis interesseorganisasjonar, forvaltningen og den enkelte næringsutøvar har mulegheit til å skape endring innafor sine respektive sektorar. Dette inkluderer å sjå på korleis verdiar, risikoforståing og bruk av kunnskap påverkar evne til omstilling for dei ulike aktørane.

Prosjektet vil gå frå hausten 2014 og ut 2017 og er finansiert av Forskingsrådet sitt nye store program for klimaforsking, KLIMAFORSK.  Prosjektleiar er Grete K. Hovelsrud ved Nordlandsforsking, og dei andre deltakarane er Vestlandsforsking, CICERO senter for klimaforskning, Meteorologisk institutt, Universitetet i Oulu, Finland og Kings College, Storbritannia.