Vestlandsforsking med god utteljing i EU-prosjekt

Forskingsrådet har delt ut midlar til dei forskingsinstitutta som har lukkast med å få forskingsprosjekt i EU. Vestlandsforsking er eit av dei få institutta som blir tildelt midlar av det som blir kalla STIM-EU.

STIM-EU er ei ordning som skal stimulera norske forskingsmiljø til meir internasjonal aktivitet gjennom å delta i EU-finansierte forskingsprosjekt. Forskingsprosjekt som når opp i den harde kampen om EU-midlar, får normalt 75 % finansiering frå EU. Forskingsrådet yter ei tilleggsløyving for å delvis fylla opp den manglande fullfinansieringa.

Midlane for 2014 er no fordelte og lista over forskingsmiljø som har motteke, ser slik ut:

Arena

Institutter

Fordeling av midler mellom arenaene

Miljøinstituttene

Nansensenteret, Norsk institutt for luftforskning og Norsk institutt for vannforskning

2,6 %

Primærnæringsinstituttene

Institutt for skog og landskap

0,1 %

De samfunnsvitenskapelige instituttene

NTNU samfunnsforskning, PRIO og Vestlandsforskning

10,2 %

 

De teknisk-industrielle instituttene

Institutt for energiteknikk, MARINTEK AS, SINTEF Petroleum AS og Stiftelsen SINTEF

77 %

Øvrige institutter

Meteorologisk institutt, Folkehelseinstituttet, NIFES, Norges geologiske undersøkelse, Norner Research, Statens institutt for forbruksforskning, SIMULA og UNI Research.

10 %

Vestlandsforsking er eitt av tre samfunnsvitskaplege institutt som får tildelt midlar, og det einaste av dei regionale institutta som får tildelt midlar for 2014.

Meir på Forskingsrådet sine nettsider