Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane

Sluttkonferanse for fylkesprosjektet fase 3 vert arrangert 28. februar i Stryn. Målgruppa er leiarar og andre ressurspersonar innan helse og omsorg, IT/teknisk i kommunane, brukar- og interesseorganisasjonar.

Med denne konferansen rundar vi av fase 3 i det fylkesdekkande prosjektet "Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane". I denne fasen har prosjektet hatt aktivitetar særleg knytt til fagsystem og alarmsentral, brukarar og gevinstrealisering. Pilotaktivitet og kunnskapsbygging, med oppstart i fase 2, har samstundes vore vidareført.

Konferansen vil ha fokus på tema frå fase 3, og i tillegg vert det innlegg frå brukarrepresentantar, Helsedirektoratet, NAV Hjelpemiddel mfl. Det vert og høve til omvising i opplæringsleiligheita i Stryn.

Program

Vi ynskjer velkomen til ein lærerik og aktiv konferanse!

Les meir om prosjektet her: USHT-Velferdsteknologi

Kontaktpersonar:

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking, hgc@vestforsk.no

Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester,  mast@forde.kommune.no

Konferanse velferdsteknologi

Konferanse velferdsteknologi (Hilde G. Corneliussen © None)