Turisme i distrikta

Turisme i distriktene (2012) er ei bok for alle som lever av turisme i distrikta eller planlegg å gjere det. Boka retter seg også mot styresmakter, organisasjoner og andre som er opptekne av utvikling og vilkår for turisme i Norge. Boka har 18 kapittel og er inndelt i fire hovuddeler; Turisme i bygd og distrikt, Mat, kultur og turisme, Naturbasert turisme og Myndigheter og institusjonelle ordninger.

Boka er skriven av ulike reiselivsforskarar og redigert av Magnar Forbord og Gunn-Turid Kvam, Bygdeforskning, og Martin Rønningen, Høgskolen i Lillehammer.

Vestlandsforsking bidreg med to kapittel under Del III Naturbasert turisme.

I kapittel 12 skriv Carlo Aall og Marte Lange Vik om "Reiseliv og miljø - ein oversikt".  Her blir det gitt ein kort historisk introduksjon til forholdet mellom reiseliv og miljø. Dette innleiar gjennomgangen av mangfaldet om omgrep som har vore nytta til å karakterisere ulike miljøorienterte retningar innafor reiselivet. Det blir lagt vekt på det praktiske og politiske innhaldet i retningane. Vidare ser ein på kva potensiale næringa har for å redusere miljøbelastninga før ein til slutt drøftar den tredelta miljøutfordringa reiselivet står overfor og presenterer ein berekraftstige for reiselivet.

I kapittel 13 skriv Agnes B. Engeset om "Bilen - vår tredje heim? Ein studie av hytter og mobilitet i Geilo-traktene". Kapittelet tek føre seg ein av fritidsaktivitetane, hytta, der 95% av reisene føregår med bil. Kapittelet er basert på feltarbeid frå Geilo og Ustaoset i Hol kommune, m.a. intervju med hytteeigarar og deira motiv for bruk av bil. Her får ein og litt historikk om hyttefenomenet i Norge og kva tankar hyttefolket har i forhold til miljø.

Boka kan bestillast hjå Tapir akademisk forlag, www.tapirforlag.no

 

 


Kontaktpersonar

Carlo Aall

Forskingsleiar

991 27 222

carlo.aall@vestforsk.no