Trude Brosvik ny styreleiar i Vestlandsforsking

Fylkeskommunen har valt Trude Brosvik til ny styreleiar i Vestlandsforsking. Ho har vore styremedlem sidan 2010. Trude Brosvik etterfølgjer Knut M. Olsen, som går ut av styret etter 10 år som leiar.

- Eg gler meg veldig til å ta fatt i denne oppgåva, seier Trude Brosvik. – Vestlandsforsking, som feirar 30 år i år, er eit viktig FoU-miljø i Sogn og Fjordane.

- Vi ønskjer det nye styret og styreleiar velkommen, og ser fram til å jobbe saman med det nye styret om forskingsoppgåver på viktige samfunnsutfordringar, og for auka forskingsbasert innovasjon i både privat og offentleg sektor, seier direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde.

Om instituttet
Vestlandsforsking utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Fagområda er klima, miljø, energi, informasjon og kommunikasjonsteknologi (IKT), regional utvikling og reiseliv. Instituttet har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, i tillegg til regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vestlandsforsking er organisert som ei stifting og vart etablert 6. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Instituttet har i 2014 ein årsomsetnad på 24 mill. kroner, og har 26 tilsette.

Øvrige styremedlemmer
Nils P. Støyva (nestleiar), Yngve Hallén, Solveig Bergliot Eliasson Willis, Arve Sandal, Oddgeir Osland (valt av Norges Forskingsråd), Halvor Dannevig

Varamedlemmer:
Sigurd Reksnes, Marit Tennø, Svein Ove Slinde, Erik Kyrkjebø, Olaug Hana Nesheim, Benedicte Carlsen (valt av Noregs Forskingsråd), Eivind Brendehaug

Kontaktpersonar
Trude Brosvik, tlf 91 31 43 89

Merete Lunde, tlf 99 60 76 78