Tredje år på rad med velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane

90 personar, frå til saman 18 kommunar i Sogn og Fjordane, pluss kommunar i nabofylket var samla til konferanse om velferdsteknologi i kommunal pleie- og omsorgsteneste i Stryn.

28. februar inviterte prosjektet "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" for tredje året på rad kommunane til konferanse om arbeidet med velferdsteknologi i fylket.

– "Då vi inviterte til første konferansen i 2014 var velferdsteknologi eit nytt omgrep for dei fleste, og få kommunar hadde komme i gang med arbeidet. No ser me at det er mykje vilje i kommunane, og det utviklar seg steg for sted ", seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking.

"Må vi verkeleg ha all denne teknologien?"

Teknologi synes framleis å vere eit slags framandelement i helse- og omsorgstenester, og Harald Olimb Norman, Generalsekretær i Pensjonistforbundet, innleia konferansen med spørsmålet "må vi verkeleg ha all denne teknologien?" Norman ønskte teknologien  velkomen, men understreka at teknologiske løysingar som vart teken i bruk faktisk fungerer slik dei var meint å gjere. Ei elektronisk dørlås er ikkje god nok dersom ho ikkje kan nyttast når straumen går!

Eit gjennomgåande tema på konferansen var å tenke gjennom kva brukarar eigentleg har behov for, noko som var understreka både av Ingrid Mydland frå Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder og tenestedesignar Therese Sivertsen.

Mange brukarar får kvart år tekniske hjelpemiddel gjennom NAV Hjelpemiddelsentral. Kristina Waksvik frå NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud ga ei oversikt over grensegangane mellom kommunen og NAV sine ansvarsområde, som er eit felt som ikkje alltid er like lett å navigere.

Bjarne Kleppe frå Gloppen kommune heldt det innlegget som fekk mest applaus den dagen, då han fortalte om korleis han etter ei skade "vart 80 over natta". Kleppe gav eit personleg innblikk i korleis han opplevde det å bli brukar av kommunale helsetenester.

Siste økt av konferansen handla om det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet, ved Juni Kristin Bratberg Melting frå Helsedirektoratet, som og informerte om ei ny utlysing av nasjonale midlar for å støtte arbeidet med velferdsteknologi i kommunane. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og fylkesprosjektet ønskjer i samarbeid med kommunar i fylket å utforme ei søknad til det nasjonale programmet, og informasjon er allereie sendt ut til kontaktpersonar i kommunane.

Demo-satellittar og visning i velferdsteknologi-leiligheit

Denne gongen vart sjølve fylkesprosjektet berre kort omtala i plenum. I staden var det lagt opp ei "demo-satellitt"-sesjon, der publikum vart losa mellom tre ulike stasjonar, og der målet var å skape meir direkte dialog med publikum. På ein av stasjonane sto fylkesprosjektet med arbeidsgruppa og pilotkommunar klare til å svare på spørsmål frå publikum. Parallelt vart det gjeve omvising i opplæringsleiligheita for velferdsteknologi ved Stryn vidaregåande skule. Denne vert drifta av elektrofagelevane ved Eid vidaregåande skule, mens helsefagarbeidarelevar i Stryn brukar leiligheita i si helsefaglege undervisning. I tillegg var eit utval leverandørar av velferdsteknologi invitert til å vise fram produkt. Blant desse var også Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, som er ein sentral tilbydar av velferdsteknologiske løysingar knytt til tryggleiksalarmar for 24 av 26 kommunar i fylket.

Kommunar i Sogn og Fjordane og nabofylket

Deltakarane på konferansen var i hovudsak leiarar og mellomleiarar frå til saman 18 kommunar, som alle er i gong med eller planlegg å innføre velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene.

– "Det er svært gledeleg både å sjå ansikt vi kjenner igjen frå dei føregåande konferansane, samstundes som det var mange nye ansikt på denne konferansen. Vi håpar det betyr at vi når ut til stadig fleire", seiar Marta Strandos, leiar for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane. Utviklingssenteret er også ein sentral aktør i fylket, og har blant anna eit ansvar i høve kompetanseutvikling, noko Strandos også heldt innlegg om på konferansen.

Konferansen avslutta den tredje fasen av fylkesprosjektet, og aktivitetane i Sogn og Fjordane byrjar å bli synlege også utanfor fylket.

– "Vi ser at vi har vorte meir synlege nasjonalt, og vi fekk også besøk frå Alv Møre og Romsdal til konferansen, som er eit partnarskap som dekkjer velferdsteknologisatsinga i 16 av kommunane i nabofylket vårt", seier Anita Hustveit Zadig, også ho frå USHT og med hovudansvar for logistikken på konferansen.

På stand, saman med fylkesprosjektet, var også EU-prosjektet IMPROVE synleg.

– "IMPROVE, som er ei forkorting for "Involving the community to co-produce public services", legg vekt på å involvere og invitere brukarar til ei samproduksjon av offentlege tenester, noko som er ekstra viktig når ein snakkar om teknologidrivne helsetenester", seier Ivar Petter Grøtte, frå Vestlandsforsking og representant for IT-forum, som er det samlande nettverket for satsinga i Sogn og Fjordane.


Kontaktpersonar

Frå venstre: Jan Olav Larsen, EKS; Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane; Hilde G. Corneliussen og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum

Frå venstre: Jan Olav Larsen, EKS; Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane; Hilde G. Corneliussen og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum (Vestlandsforsking © None)

Marta Strandos frå Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane held innlegg om kompetanse om velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Marta Strandos frå Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane held innlegg om kompetanse om velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Frå konferansen

Frå konferansen

Hilde G. Corneliussen frå Vestlandsforsking fortel om fylkesprosjektet

Hilde G. Corneliussen frå Vestlandsforsking fortel om fylkesprosjektet