Sogndal klar til internasjonal konferanse om opplevingsturisme

300 deltakarar frå 29 land har meldt seg på ”The Third International Adventure Conference -Fjord 2.0” i Sogndal som startar laurdag 22. november og går til onsdag 26. november. Konferansen samlar verdas fremste forskarar på opplevingsturisme og reiseliv, men også natur- og opplevingsbedrifter, tilsette i organisasjonar innan reiseliv og friluftsliv og lærarar og studentar innan reiselivs- og friluftslivsfag.

Fagleg program

Konferansen har eit breitt program, med ein aktivitetsdel som går over helga 22.-23 november og eit fagleg program frå måndag 24. november til onsdag 26. november. Det faglege programmet tek opp tema innan opplevingsbasert reiseliv, berekraftig turisme, friluftslivspedagogikk, historie og filosofi, men også marknadsføring, produktutvikling og destinasjonsutvikling, kvalitetssikring og tryggleik.  Til saman blir det nærare 80 innlegg fordelt på fire parallelle bolkar, i tillegg til plenumsforedrag og workshopar.

Kjende innleggshaldarar

  • Kristin Krohn Devold, direktør i NHO Reiseliv, tidlegare forsvarsminister og generalsekretær i DNT
  • Hilde Charlotte Solheim, reiselivsdirektør i Virke
  • Chris Doyle (USA), Europadirektør i Adventure Tourism and Travel Association (ATTA)
  • Reidar Mykletun, professor ved Norges Hotellfagskole (Universitetet i Stavanger)
  • Stefan Gössling, seniorforskar ved Vestlandsforsking og professor ved Universitetet i Lund
  • James Raffan, (Canada) forelesar og polfarar
  • Sofie Torlei Olsen, daglig leder i Ekstremsportveko
  • Doug Scott, (Storbritannia), Himalayaklatrar

 

Workshopar og side-events

Adventure Connect

Måndag ettermiddag inviterer NCE Tourism Fjord Norway og ATTA til fagleg påfyll med noko å bite i. Chris Doyle frå ATTA legg først fram det siste om trendane i opplevingsturisme, før det blir lett servering og mingling utover kvelden.

Måndag kl 15:30 og 18:00.

Workshop med Sikkerhetsledelse

NCE Tourism Fjord Norway og Sikkerhetsledelse AS inviterer til ein workshop om kvalitetssikring og sikkerheitsstyring for opplevingsbedrifter.

Tysdag kl 13:00 og onsdag kl 09:00

Paneldebatt om kvalitetsikring

Treng vi kvalitetsikringssystem som guidesertifisering i norsk naturbasert reiseliv?

Høyr Hilde Charlotte Solheim frå Virke, Leif Magnussen fra Norske Tindevegledere (NORTIND) og Peter Varley fra Centre for Recreation and Tourism Research og andre diskutere norske og skotske erfaringar og utfordringar.

Tysdag kl 15:00

Aktivitetar ute

Det blir høve til mykje utandørsaktivitet på konferansen – enkelte deltakarar har meldt seg på toppturar på ski, andre på bretur og mange skal delta i verdsmeisterskapen i matlaging på Trangia stormkjøkken. Norsk Hotellfagskole stiller med domarar og råvarer. Det blir òg yoga og turar før foredraga startar om morgonen kvar dag under konferansen.

Bakgrunn for konferansen

The International Adventure Conference har blitt arrangert to ganger før, begge gongene i Skottland, av FoU-miljøet ved Centre for Recreation and Tourism Research i Fort Williams. Konferansen er også slått saman med NCE Tourism Fjord Norway sin Fjord 2.0 konferanse.

Vi står bak konferansen:

Finansielle bidragsytarar

  • Forskningsrådet
  • Innovasjon Norge

For meir informasjon og detaljert program, sjå www.adventuretourismconference2014.no

Halvor Dannevig, Vestlandsforsking (spørsmål om fag og personar): 976 76 397

Torgeir Skålid, Bratt Moro AS (praktiske spørsmål): 97 58 79 31

    Sjå også kronikken som forskar Eivind Brendehaug har publisert i i UTE-magasinet: Gneistrande snø, gneistrande auge