Rumenske myndigheiter i Sogn og Fjordane for å lære om giftige kjemiske stoff

Denne veka er representantar frå rumenske myndigheiter i Sogn og Fjordane for å lære om giftige kjemiske stoff. Kunnskapen er viktig for å regulere bruken av kjemikaliar og redusere utslepp. Opplæringa er ein del av eit internasjonalt forskingsprosjekt, finansiert av EEA grants (EØS midlar), der Vestlandsforsking deltek saman med Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet.

Representantane frå dei rumenske myndigheitene kom til Sogndal måndag 26. oktober, og vil vere her fram til fredag denne veka. I tillegg til ei rekke faglege foredrag ved Vestlandsforsking,  vil dei mellom anna besøke Bøyabreen og SIMAS.

Kunnskap om kvifor og korleis kjemiske stoff er giftige er viktig for å regulere bruken av kjemikaliar og redusere utslepp av helse- og miljøskadelege stoff. I dette prosjektet skal myndigheitsorgan i Romania lære meir om toksiske verknader av kjemikaliar og korleis EU sitt kjemikalieregelverk er bygd opp.

Romania vart medlem av EU i 2007 og er blant dei landa i Europa med størst naturmangfald og mest intakte økosystem. Samstundes har landet nokre av dei mest ureina industribyane i Europa, og har store utfordringar med å handtere farleg avfall og redusere ureining frå både gamal og ny industri.

Miljøsamarbeid med Romania
Gjennom EØS-midlar har norske og rumenske myndigheiter samarbeidd i fleire år for å betre overvakinga av miljøgifter, og auke kunnskapen om regulering av kjemikaliar og handtering av farleg avfall. Skal Romania oppfylle EU sine krav, må utsleppskontroll og regulering av kjemikaliar bli betre.

Organisering og partnerar
Oppdragsgjevar for prosjektet er The National Research and Development Institute of Occupational Safety (INCDPM) i Bucuresti. Norske samarbeidspartnarar i tillegg til Vestlandsforsking er Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet.

Undervisningsopplegg
Deltakarar frå regionale myndigheiter frå 8 regionar i Romania deltek på eit 6 månaders kurs. Kurset er bygd opp som nettbaserte undervisningsmodular, eit 2 vekers undervisningsopphald i Noreg (Oslo og Sogndal) og prosjektarbeid. Det skal også arrangerast 5 dagars intensivkurs i kvar av dei 8 regionane; Bucuresti, Brasov, Cluj-Napoca, Constanta, Crainova, Iasi, Ploiesti og Timisoara.

Kurset vil vere ein introduksjon til generell toksikologi, toksikologiske metodar og risikovurdering av kjemikaliar som vert brukt for å regulere kjemikaliar i EU og OECD land.  Deltakarane avsluttar kurset med eksamen og får studiebevis frå Universitetet i Oslo.

Vestlandsforsking si rolle
Vestlandsforsking si rolle i prosjektet er å vere med å utvikle undervisningsopplegget, lage nokre av kursmodulane som skal leggast ut på nett, undervise kursdeltakarane og arrangere studiebesøk medan dei er i Sogndal. Vi skal også undervise på intensivkursa som skal arrangerast ute i dei 8 regionane i Romania, saman med vår rumenske samarbeidspartnar The National Research and Development Institute of Occupational Safety (INCDPM).

Det er forskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking som organiserer besøket i Sogn og Fjordane. Både Torunn Hønsi, Otto Andersen og Carlo Aall ved Vestlandsforsking vil gi forelesingar om blant anna toksikolgi, nanomateriale og klimaendringer denne veka.

«Målet med EØS-prosjektet er å auke kunnskap hjå regionale myndigheiter i Romania om kjemikalietoksisitet. Dette er viktig for at dei skal kunne regulere bruken av og redusere helse- og miljøskadar frå kjemikaliar og ureining», seier forskar Torunn Hønsi.

Sjå også oppslag i Sogn Avis.