Resultatrapport frå prosjekt: Innovasjon i Sogn og Fjordane – vilkår og barrierar

Korleis legge eit best muleg grunnlag for innovasjon i eit ruralt samfunn som Sogn og Fjordane? I forskingsprosjektet «Innovation in rural places» har Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane studert korleis det vert jobba med innovasjon i nettverk i Sogn og Fjordane der både offentleg forvaltning, næringslivet og forskings- og utviklingsinstitusjonar (FoU) deltek.

Prosjektet starta opp i 2011, og er finansiert av Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Norges Forskningsråd. Prosjektet vert avslutta no i mars, og her er resultatrapporten og anna dokumentasjon frå prosjektet:

Innovasjon og barrierar i Sogn og Fjordane - Sluttrapport

Innovasjon og barrierar i Sogn og Fjordane - Dokumentasjonsrapport

Sogn og Fjordane er ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstadar. Det var av interesse å studere om eksisterande teoriar for regionale innovative nettverk er gyldige i fylket vårt. Hovudmålet med forskarprosjektet var å forstå innovasjonssystemet i ein rural region som Sogn og Fjordane. Ein av hypotesane bak prosjektet var at innovasjonssystemet i fylket hadde stort forbetringspotensiale, og at det derfor ville vere viktig å kome med innspel til avgjerdstakarar og politikarar om korleis innovasjonssystemet kan utvikla seg vidare.

Prosjektet har gitt nyttig ny kunnskap om korleis vi i Sogn og Fjordane arbeider med innovasjon, og korleis innovasjonssystemet (samhandlinga mellom offentlig forvaltning,  næringsliv og FoU) fungerer i fylket. I forskingsarbeidet er det studert fem ulike innovasjonsnettverk. Resultata syner at desse nettverka er i ulike fasar og nokre er meir velfungerande enn andre. Felles for alle er at det offentlige i Sogn og Fjordane har ei stor og viktig rolle, særleg i oppstarting av nettverka. FoU-miljøa i fylket er små i høve til næringslivet og det offentlege, men spelar ei særs viktig rolle i dei velfungerande nettverka som er studerte. Fleira andre funn vert omtala i rapporten. Sluttrapporten har råd om vegen vidare for innovative nettverk og innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane, der målet er verdiskapande innovative verksemder.

Prosjektet «Innovation in rural places» er del av det regionale og nasjonale VRI-programmet. VRI står for Verkemiddel for regional FoU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Innan VRI i Sogn og Fjordane er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.


Sjå eigen nettstad for meir informasjon om prosjekt «Innovation in rural places»: prosjekt.vestforsk.no/vri

Kontaktpersonar:
Prosjektleiar: Dr. Ingjerd Skogseid, Vestlandsforsking
Telefon: 916 96 016 ingjerd.skogseid@vestforsk.no

Jon Gunnar Nesse, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tlf. 402 24 296 jon.nesse@hisf.no