Presentasjonar på internasjonal konferanse

To forskarar ved Vestlandsforsking hadde kvar sin presentasjon på den viktige internasjonale konferansen "Transformation in a Changing Climate", arrangert 19 - 21 juni i Oslo.

Tema for konferansen var viktigheita av at politikk og forsking må endre fokus frå "tilpassing" til "transformering" av samfunnet, der transformering gjeld både det å førebu samfunnet på klimaendringar og redusere utslepp av klimagassar, og samstundes ta omsyn til andre overordna mål om miljø, demokrati og rettferd.

Hovudbodskapen frå konferansen var at klimaproblema er i ferd med å bli så alvorlege at den transformeringa som må til om vi skal unngå uakseptable negative konsekvensar, kan ble svært omfattande, vanskeleg å få til og vere svært negative for dei som må gå gjennom transformeringa.

Mange av presentasjonane tok til orde for at samfunnet må bryte med logikken i vekstøkonomien, og mange av både dei utanlandske og norske innleiarane peika på at det er heilt avgjerande for Noreg sitt bidrag til den komande transformasjonen at norsk utvinning av olje og gass etter kvart må reduserast. I ei gransking lagt fram av Norges forskingsråd same dag som Transformation konferansen starta blei dette siste poenget ført opp som eitt av dei åtte spørsmåla nordmenn meiner norsk klimaforsking bør svare på.

Carlo Aall: What can we learn regarding transformation from the work of local authorities on
promoting sustainable development?

Kristine Skarbø et al.: Climate change in Andean cosmovision: An indigenous perspective on the transformative power of worldview