Nytt prosjekt til Vestlandsforsking om formidling av klimaforsking

Vestlandsforsking er ein av fem som i førre veke fekk støtte frå Noregs Forskingsråd til sitt prosjekt for å utvikle eit nettbasert verktøy i klimarisiko og klimasårbarheitsanalyse.

KLIMAFORSK er Norges forskingsråd sitt store langsiktige forskingsprogram for klimaforsking som går frå 2014–2023. For første gong har KLIMAFORSK lyst ut midlar til kommunikasjon og formidling av klimaforsking. Det kom inn 27 søknader, og konkurransen var hard. Dei utvalde prosjekta spenner vidt, og Vestlandsforsking skal utvikle eit nettbasert verktøy knytt til analysar av klimarisiko og -sårbarheit.

Verktøyet, som Vestlandsforsking skal utvikle i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane, kan forklarast som ei interaktiv sjekkliste som integrerer kunnskap om klimaendringar i analysar av risiko og sårbarheit. Målgruppa er planleggjarar i norske kommunar. Det ferdige verktøyet skal liggje fritt tilgjengeleg på ein statleg nettportal.

Les meir KLIMAFORSK og tildelinga her: http://www.forskningsradet.no/prognett-klimaforsk/Forside/1253987906539