Nytt forskingsprosjekt kartlegg lokale kjelder til proteinfôr

Vestlandsforsking leiar eit nytt prosjekt der ein skal sjå om lokalt avfall kan nyttast som fiske- og dyrefôr.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har gitt støtte til forprosjektet ”Metodisk avklaring omkring utnytting av lokale kjelder for proteinfôr til husdyr og fiskeoppdrett i ein sirkulær bioøkonomi på Vestlandet”.

Prosjektet skal legge grunnlag for forsking og kunnskap om bruk av lokale kjelder til proteinfôr i Sogn & Fjordane og Hordaland. Prosjektet skal gjennomførast som ei kartlegging og samanstilling av kunnskap. Vi vil innhente, systematisere og etablere kunnskapsoversikt knytt til hovudformer for kjelder til proteinfôr for husdyr og fiskeoppdrett. Arbeidet blir basert på litteratursøk, dokumentanalyse, intervju/innspel frå relevante bransjar, kunnskapsoverføring frå allereie etablert produksjon, samt arbeidsmøter i prosjektgruppa. Vurderingar kring klimagassutslepp og miljøgifter vil bli gjort med grunnlag i livsløpsvurdering.

Deltakarar i tillegg til prosjektleiar Vestlandsforsking er Samarbeidsrådet for Landbruket i Hordaland og Sogn & Fjordane, Hordaland Bondelag, Hellenes AS, NIBIO Ullensvang, Synnøve Finden AS Avd. Hardanger, Hardanger Fjellfisk AS, Salmon Group AS, og Sogn & Fjordane Bondelag.

Kontaktpersonar

Personene på bildet er frå venstre Solveig Willis (Salmon Group AS), Anders Felde (Samarbeidsrådet for Landbruket i Hordaland og Sogn & Fjordane), Torunn, Otto, Lars Peter Thaule (Hordaland Bondelag), Gunnhild Jaastad (NIBIO Ullensvang), Ivar Bleie (Synnøve Finden AS Avd. Hardanger),  Anders Haugen (Hellenes AS)