Nytt EU-nettverk skal gje meir innovasjon i Sogn og Fjordane

EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar å kome med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020.

Horisont 2020 er EUs forskings- og innovasjonsprogram. Programmet har eit budsjett på 80 milliardar euro for perioden 2014-2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte. Norske søkjarar stiller på lik linje med søkjarar frå EU-land.

Forskningsrådet har no gitt støtte til etableringa av EU-nettverk Sogn og Fjordane. Målet med det nye nettverket er at forskarar, offentlege etatar og næringslivet saman skal bli betre rusta til å delta i Horisont 2020. På sikt kan dette gje auka innovasjon og betra konkurranseevne i fylket.

På tvers av sektorar

– Det har nok kjenst langt frå Sogn og Fjordane til Brussel og vanskeleg å få tak i midlane frå Horisont 2020. Ein må kjenne EU-systemet og ha kapasitet til å lage ein god søknad, seier viserektor for forsking og utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Erik Kyrkjebø.

Han trur det nye nettverket vil gjere det lettare å få i gang EU-støtta forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane. Det trur også direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking:

– Berre dei beste søknadane kjem gjennom nålauget til Horisont 2020. Med eit nettverk der ein kan samarbeide og lære av kvarandre, kan terskelen verte lågare, seier ho.

Det var Vestlandsforsking som tok initiativ til det nye nettverket. Med i kjernegruppa er også Sogn og Fjordane næringsråd, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og NHO er med i ei koordineringsgruppe. Saman skal dei jobbe for ei brei deltaking i nettverket og samarbeid på tvers av sektorane.

Energi, miljø, klima og IT

EU-nettverket vil gje draghjelp til prosjekt innan energi, miljø, klima og IT. Desse satsingsområda famnar så vidt at nettverket vil vere relevant for ei rekkje bransjar – alt frå matprodusentar til reiselivsaktørar. Områda er valde både fordi fylket vil ha behov for kompetanse på desse felta i framtida, og fordi fylket allereie har sterke aktørar og stort potensial innan felta. Alle som arbeider innan desse felta kan delta i nettverket, anten dei er frå offentlege etatar, forskingsmiljøa eller næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom nettverket vil dei få auka kompetanse, finne nye samarbeidspartnarar og få hjelp til å søkje på Horisont 2020-middel.

Kjem dei gjennom nålauget til Horisont 2020, vil det gje store moglegheiter.

– Ein får testa ut ideane sine i eit stort prosjekt. Det reduserer risikoen for feil, og kan gje auka kompetanse, innovasjon og konkurransekraft, seier Merete Lunde.

Vestlandsforsking har delteke i ei rekkje EU-prosjekt sidan 1990-talet, og har erfart at regionalt samarbeid er positivt i større internasjonale prosjekt.

Det nye EU-nettverket skal leggje til rette for nye møteplassar. Aktiviteten vil bli koordinert med andre arrangement for næringslivet i fylket. Nettverket vil hente inn ressurspersonar utanfrå til lokale arrangement, og arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa. Det vil kome ei eiga nettside med relevant informasjon for Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane-modellen

Omgrepet «Sogn og Fjordane-modellen» har blitt nytta om offentlege og private aktørar som samarbeider om å nå felles mål. IT-forum Sogn og Fjordane er eit døme på slikt samarbeid. IT-forum har delteke i fleire EU-prosjekt, noko som var medverkande til at Difi vart etablert på Leikanger. No får fylket eiga IT-utdanning.

– Dette er et døme på at godt samarbeid mellom forsking, offentleg og privat sektor kjem heile fylket til gode, seier seniorrådgjevar Svein Helge Steinsåker hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane har kanskje ikkje dei største aktørane, men dei einskilde aktørane er svært langt framme, og i mange tilfelle også internasjonalt leiande innan sine sektorar. Ved å løfte i flokk mot felles mål kan vi vonleg ta ut større synergiar enn vi klarer kvar for oss, legg han til.

Det nye EU-nettverket skal byggje vidare på erfaringa med IT-forum.

Kan gje løft til næringslivet

Måla med Horisont 2020 er å løyse framtidige samfunnsproblem, skape økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Det er derfor ein fordel om innovative private verksemder deltek i prosjekta. Mange verksemder i Sogn og Fjordane kan bidra, og har potensial til å vekse om dei deltek i EU-prosjekt, meiner Leon Bakkebø. Han er leiar i det nyskipa Sogn og Fjordane Næringsråd som skal stimulere til auka samhandling og utvikling i næringslivet.

– EU-midlane er ein enorm pott som næringslivet i Sogn og Fjordane ikkje utnyttar godt nok. Sogn og Fjordane har mange verksemder som er leiande og banebrytande i si næring. No må vi skape interesse for Horisont 2020 og få forståing for at ei kopling mot forskingsprosjekt kan gje dei eit langsiktig løft og skape attraktivitet for framtidige kompetansearbeidsplassar i fylket. Krava til utvikling vil bli stadig tøffare, og næringslivet må trekkje på forskings- og kompetansemiljøa, seier han.

Bakkebø har stor tru på at det nye EU-nettverket kan bidra til eit tettare samarbeid mellom næringslivet og forskingsmiljøa.

Inviterer til verkstad

31. mai arrangerer EU-nettverket den første prosjektverkstaden. Temaet for verkstaden er IT og beredskap, og han er særleg relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi. Målet med verkstaden er å bli betre kjend med kvarandre og samarbeide om idear til konkrete prosjekt som kan få støtte frå Horisont 2020.

Deltakarane på prosjektverkstaden får mellom anna høyre frå Henning Maagerud i Forskningsrådet om kva moglegheiter som finst for IT-sektoren i H2020 framover. Dessutan kjem Geir Gjørsvik frå Paneda for å dele sine erfaringar med å søke Horisont 2020 om støtte til forskings- og innovasjonsprosjekt. Påmelding innan 24. mai til zno@vestforsk.no.

For meir informasjon om EU-nettverk Sogn og Fjordane og Horisont 2020: Ta kontakt med prosjektleiar Zuzana Nordeng på e-post zno@vestforsk.no.


Kontaktpersonar

Zuzana Nordeng

Forskar/EU-rådgjevar

902 29 096

zno@vestforsk.no

Merete Lunde

Direktør

996 07 678

ml@vestforsk.no

Stegasteinen, Foto: Sverre Hjørnevik

Stegasteinen, Foto: Sverre Hjørnevik