Ny rapport - Energibruk og klimagassutslepp frå godstransport

Vestlandsforsking har utarbeidd ein rapport som ser på utviklinga i energibruk og tilhøyrande klimagassutslepp frå godstransport på veg i Noreg i perioden 1993-2013.

Rapporten drøftar moglege tilbakeslagseffektar av politikk som har hatt til hensikt å redusere energibruk- og klimagassutslepp frå godstransport på veg.

Rapporten peikar på at det ikkje er  teikn til «dematerialisering» (ulike funksjonar eller behov blir dekka  med mindre materialbruk), og heller ikkje ein tendens til at varer med høg verdi per tonn har innverknad på  auken  i veksten av transport med lastebilar i perioden 1993-2013.

Det har vore ein sterk auke i transport av stein, grus og sand, og mest sannsynleg og for avfall. I perioden 1993-2013 er det ein tendens til nedgang i spesifikke klimagassutslepp knytt til godstransport på veg målt per tonn kilometer, og at effektivitet knytt til logistikk har bedra seg  i delar av perioden.  Dette har ikkje vore tilstrekkeleg til å dempe dei totale klimagassutsleppa som heng saman med auken i transportmengda. Viss etterspurnaden etter godstransport på veg fortset å auke slik den har gjort i løpet av dei siste 20 åra, er det usannsynleg at tiltak som effektiviserer utslepp per tonn kilometer vil vera  tilstrekkeleg for å redusere dei totale utsleppa.

Rapporten byggjer på ein kombinasjon av ei rekke statistiske kjelder. Dette var den siste rapporten John Hille (1954-2015) var med på å skrive for Vestlandsforsking, og i rapporten fekk han brukt sine unike eigenskaper med å krysse ulike statistiske kjelder for å finne fram til svara.

Rapporten peikar på metodiske svakheiter ved tilgjengeleg statistikk,  blant anna kunne vi ikkje følgje den totale lengda som varane blei flytta. Vidare er det vanskeleg å forklare kvifor kapasitetsutnyttinga av lastebilar auka fram til 2002 og deretter går ned. Ei særleg utfordring har vore korleis endringar i statistikkstandardar har hatt innverknad på samanlikning av datasett før og etter innføring av ny standard, blant anna blei det innført ein ny standard i godstransport på veg i 2007 som skil seg frå 1993-standarden.