Ny bok om data science

Professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking og Dr Priti Srinivas Sajja fra Sardar Patel University i India, er forfattarar av boka «Intelligent Techniques for Data Science» som kom ut i oktober.

Bok

Boka presenterer verktøy, metodar og eksempel på korleis ein betre kan nytte moglegheitene som finst innan bruk av moderne kunstig intelligens. Boka har ni kapittel med m.a.  nevrale nettverk, fuzzy system og evolusjonær databehandling i tillegg til andre felt innan maskinlæring, og forklarer korleis ein kan identifisere, visualisere, klassifisere og analysere data for å støtte forretningsmessige avgjerder.

Forfattarane diskuterer fordelar og ulemper ved ulike tilnærmingar. Boka gir også konkrete eksempel for å få meirverdi frå data i ulike domene som detaljhandel (retail), helse, luftfart, telekommunikasjon og turisme.

http://www.springer.com/us/book/9783319292052#aboutBook