Norsk Bremuseums 25-årsjubileum

H.K.H. Kronprins Haakon deltek på 25-års jubileum ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten 3. juni.

Tidlegare direktør ved Vestlandsforsking, Marit Orheim Mauritzen, var saman med Olav Orheim initiativtakarar til Norsk Bremuseum som vart åpna av dronning Sonja i 1991.

I samband med jubileet skal det arrangerast eit klimaseminar der der det m.a. kjem deltakar frå m.a. Norges Forskningsråd, Cicero, Bjerknessenteret, Vestlandsforsking og Nansensenteret. Frå Vestlandsforsking skal forskar Idun Husabø halde innlegg og forskingsleiar Carlo Aall er ein av ordstyrarane på konferansen.

Direktør Merete Lunde skal orientere H.K.H. Kronprins Haakon om klimaforskinga ved Vestlandsforsking og arbeidet med klimatilpassing i fylket.

Sjå meir om programmet  for dagen på nettsida til Norsk Bremusem

Program for klimaseminaret