Marie Curie-stipend til Lin Prøitz

Lin Prøitz som er knytt til Vestlandsforsking, har fått EU-stipend for å forska på korleis unge i dag oppfattar politiske hendingar og uttrykkjer det gjennom fotografi på sosiale medium.

Forskar Lin Prøitz har fått stipend frå EU sitt Marie Sklodowska Curie-fond for å forska på unge sin bruk av fotografi på sosiale medium, knytt til deira oppfatning av politiske hendingar. Individuelle stipend av denne typen heng høgt, og blir berre gitt til “the most promising researcher in her field”.

Stipendet medfører eit forskingsopphald ved Universitetet i Sheffield. Meir om stipendet og innhaldet på Senter for tverrfagleg medieforsking (STM) ved Universitetet i Oslo.