Mange vil lære om velferdsteknologi

- Kommunane si interesse for velferdsteknologi er over all forventning, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking, etter å ha registrert 128 påmeldingar frå alle kommunane i fylket til eit seminar på Skei hotel 10. desember.

- I utgangspunktet såg vi for oss eit seminar med kanskje førti påmelde. I staden fekk vi 128. Interessa er overveldande, seier Hilde G. Corneliussen. Ei lita veke før seminaret har ho registrert ei påmelding frå kommunane i fylket som tilsvarar 4,6 deltakarar per kommune i snitt.

Seminaret 10. desember markerer fylket sitt første felles steg mot eit helse- og omsorgssystem der velferdsteknologi er integrert i kvardagen til eldre og pleietrengande. Vegen er lang, for per i dag har berre ei handfull kommunar i Sogn og Fjordane eksperimentert med ny teknologi innan pleie og omsorg.

Samtidig har kommunane eit visst press på seg til å gjere seg kjende med korleis jungelen av teknologiske nyvinningar kan effektivisere pleie- og omsorgsarbeid og gje pasientar og brukarar ein tryggare og kanskje kjekkare kvardag. Helsedirektoratet har som mål at tekniske nyvinningar skal vere utbreidde i velferdssektoren over heile landet så snart som om fem år. Den komande eldrebølgja og Samhandlingsreformen er blant dei varsla endringane i samfunnet som vil gjere det endå meir naudsynt å overlate fleire oppgåver til maskiner og smarte duppedittar.

Mange av kommunane møter dei same utfordringane og sit med dei same spørsmåla: kva er velferdsteknologi, kva retningsliner og standardar er aktuelle, korleis skal vi planlegge kring velferdsteknologi, og kva konsekvensar har det for den kommunale helsetenesta? Eit sentralt mål for prosjektet Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane er å vere til hjelp for dei enkelte kommunane.

- Eit like viktig mål for prosjektet er å styrke fylket, og i den samanhengen legg vi vekt på å presentere velferdsteknologiprosjekt og ressursmiljø som alt  finst i Sogn og Fjordane, seier Marta Strandos, leiar for Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.

Programmet rettar seg særleg mot leiarar og ressurspersonar innan pleie og omsorg og IKT-personar og skal vise kor ein står i innføringa av velferdsteknologi nasjonalt gjennom informasjon om Nasjonalt velferdsteknologiprogram og Helsedirektoratet sine tilrådingar. Like viktig er kan hende informasjonen om samarbeidet som er på trappene i Sogn og Fjordane, der ein legg opp til tett samarbeid mellom kommunane i fylket i overgangen til velferdsteknologi.

Seminaret vert arrangert av prosjektet "Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane" under leiing av Vestlandsforsking og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane.

Sjå program

Kontaktpersonar:

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking (hgc@vestforsk.no) - tlf.  479 00 814

Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester, (marta.strandos@forde.kommune.no) tlf. 415 26 416

Media:

NRK Sogn og Fjordane: Mange vil lære om velferdsteknologi

Innslag i radio - NRK Sogn og Fjordane