Ledige forskarstillingar innan klima og reiseliv

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører oppdrag for offentleg forvaltning og næringsliv både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal. På Campus er vi lokalisert i eit aktivt og internasjonalt forskings-, utdannings-, idretts- og bedriftsmiljø med over 500 tilsette og eit aktivt studentmiljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Vestlandsforsking søkjer etter forskarar innan dei to fagområda:

Klima - klimapolitikk og klimatilpassing

Reiseliv - berekraft, innovasjon og lokal verdiskaping

Vi har for tida god prosjektinngang, og treng å styrke forskingsgruppene våre med fleire prosjektmedarbeidarar. Andre arbeidsoppgåver som ligg til forskarstillinga, er utvikling av nye prosjektinitiativ og publisering og formidling av forskingsresultat.

Vi ser etter dyktige og motiverte medarbeidarar med erfaring frå forsking og med utdanning på doktorgradsnivå og kompetanse innan klima eller reiseliv. Personar med mastergrad og relevant erfaring vil òg bli vurderte.

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Det vil bli lagt vekt på formell kompetanse, vitskapleg publisering og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Vi legg vekt på gode samarbeidsevner og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Som forskar må du vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi kan tilby fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstaden er Sogndal.

For nærare informasjon om stillingane:

Klima: Forskingsleiar Carlo All, tlf:99127222, e-post: caa@vestforsk.no

Reiseliv: Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, tlf: 90828418, e-post: ipg@vestforsk.no

Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal

Søknadsfrist er 20. august 2014