Kva gevinstar kan bruk av velferdsteknologi gje kommunane?

Stadig fleire arbeider med og set si lit til velferdsteknologi, og no skal det reknast på kva gevinst det kan gje!

Velferdsteknologi er teknologi som skal gjere kvardagen tryggare og enklare for oss alle. Det er òg ein viktig måte for kommunane å møte framtidas utfordringar i pleie- og omsorgssektoren på. Kommunane i Sogn og Fjordane er enno i starten med å ta i bruk velferdsteknologi. Eit fylkesdekkande prosjekt vart etablert i 2014. I første fase av satsinga i 2014 vart alle 26 kommunane mobilisert, behov og planar i kvar kommune kartlagd og ein første runde med kunnskapsutveksling gjennomførd. I andre fase i 2015, vart kommunesamarbeidet vidareutvikla og kunnskapsmiljø innan pleie- og omsorg og FoU-miljø har bygd kunnskap gjennom å spesifisere og teste ut velferdsteknologiske løysningar. Vi er no inne i fase 3 i denne felles satsinga på velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane, der målet er å få dei første tenestene over til fyrste operative løysingar. Nye viktige kunnskapsområde som skal byggast opp og delast mellom kommunane, er knytt til gevinstrealisering, bruk av lovverket og brukarinvolvering. Fornyingsmidlar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane delfinansierer satsinga saman med kommunane.

E-helsedirektoratet har komme med nasjonale tilrådingar om metodar for gevinstrealisering ved innføring av velferdsteknologi i kommunane. Desse metodane vil vere nytting for å dokumentere både kvalitative og økonomiske effektar, og gjennom det dokumentere for både politikarar og fagmiljøet kva som kan vere effektane av velferdsteknologi. Onsdag 24. august vert pilotkommunane i fylkesprosjektet inviterte til å delta på kurs i gevinstrealisering.

Pilotane skal følgjast vidare fram til ein første operativ fase, der dei òg skal arbeide med systematisk dokumentasjon og evaluering av både økonomiske og kvalitative effektar av velferdsteknologi i pleie- og omsorgsteneste. Alle kommunane er no inne i planprosessar for bruk av velferdsteknologi, og slik metodekunnskap og gode og relevante eksempel på bruk og effektar vil vere særs viktig i det vidare arbeidet med å vurdere og prioritere mellom ulike satsingar i kommunane.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester, marta.strandos@forde.kommune.no

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking, hgc@vestforsk.no

Ivar Petter Grøtte, IT-forum, ipg@vestforsk.no