Korleis oppnå berekraftige naturopplevingar i verdsklasse?

Blir det meir eller mindre lokal verdiskaping av å satse meir på cruiseturisme i Sogn og Fjordane? Kva er verknaden på utslepp av klimagassar av å satse på meir kortreist turisme? Dette er eksempel på spørsmåla det er viktig å ta stilling til om ein skal følgje opp målet i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane om at berekraftig forvaltning skal vera eitt av fylket sine viktigaste konkurranseføremoner.

Vestlandsforsking har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Regionalt Forskingsfond Vestlandet laga ein rapport med framlegg til indikatorar for korleis ein regionalt kan følgje med i arbeidet med å fremje eit berekraftig reiseliv.

Rapporten viser at det internasjonalt er overraskande få studiar som systematisk har vurdert den lokale verdiskapinga av reiselivet, og rapporten kjem med framlegg til korleis dette kan gjerast. Rapporten peiker på at det er særleg viktig å få fram i kva grad satsing på stort volum av turistar (t.d. cruiseturisme) legg igjen verdiskaping lokalt og  kva som skal til for å utløyse verdiskapinga.

Reiselivsplanen har peika på at det er viktig å arbeide for å redusere uslepp frå turisttransporten til og frå fylket. Rapporten gjev eit eksempel på samanlikningar av ulike ferieformer (cruise-, fly-, buss- og bilturisme) med same utreisestad (Hamburg), same endestopp (Bergen) og lik lengd på ferien (7 dagar). Dette eksempelet viser at dei samla utsleppa frå cruiseturisme er om lag 10 gonger høgare enn andre ferieformer, medan utsleppa frå fly, buss og bil varierar med ein faktor på 1. Med val av andre reiseruter vil desse forskjellane bli annleis.

Reiselivsplanen har lansert eit mogeleg mål om satsing på nærliggjande marknadar. Førebelse analyser viser at flyturistar frå Asia har om lag 10 gonger høgare utslepp enn turistar frå Nord-Europa.

I forprosjektet har Vestlandsforsking også gjort nokre avgrensa analysar av i kva grad måla i reiselivsplanen vert følgt opp i anna planarbeid i fylket. Konklusjonen er at dette i liten grad vert gjort. Rapporten kjem med framlegg om korleis ein kan følgje med i det vidare arbeidet på dette området.

Forprosjektet er gjennomført i nær dialog med arbeidsgruppa ansvarleg for oppfølging av berekraftdelen i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane. Gruppa er leia av landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.