Kompetansemekling i offentleg og privat sektor

Øyvind Heimset Larsen hadde innlegg på ein konferanse i Trondheim der tema var innovativ samhandling mellom utdanning, arbeidsliv og forvaltning. Norges forskningsråd, Innovasjon Norge og Sør-Trøndelag fylkeskommune sto bak konferansen og Høgskolen i Sør-Trøndelag var arrangør.

Kompetansemegling i offentlig og privat sektor er eit stor område. Larsen fortalde om erfaringar med Kompetansemeklarprosjektet for privat sektor som Vestlandsforsking har arbeidd med sidan 2005 på oppdrag frå Forskingsrådet og fylkeskommunen, samt Kompetansemeklingsoppdraget for offentleg sektor som VF, IRIS, og HiB nyleg har gjennomført for Regionalt Forskingsfond Vestlandet.

Konferansen hadde ca 180 deltakarar og vel 30 ulike foredrag, ein workshop, to dialogforum og 14  posterpresentasjoner.

Sjå www.hss13.no for program og presentasjonar.

Øyvind Larsen: Kompetansemekling i privat og offentleg sektor