Kommunane manglar insentiv til å gjennomføre klimatiltak

Den viktigaste årsaka til manglande klimatiltak i kommunane er ikkje at det står barrierer i vegen, men at dei manglar insentiv til å gjennomføre klimatiltak. Det kjem fram i ein rapport som Vestlandsforsking, Civitas AS og Vista Analyse har laga for Kommunesektoren sin organisasjon (KS).

Konklusjonen er dermed at ein må snu på det som var det opprinnelege spørsmålet i oppdraget, nemleg kva det er som hindrar kommunar i å bidra til fleire tverrsektorielle, lokale klimatiltak. Døme på manglande drivarar er mangel på samordning av statleg politikk, klare og konsekvente styringssignal og målretta statlege stønadsordningar. Samstundes finst det lokale barrierer som hindrer at kommunane gjennomfører tverrsektorielle klimatiltak. Dette er mellom anna problem med å akseptere fordeling av goder og byrder mellom sektorar eller kommunar, frykt for tap av veljaroppslutning, konflikt mellom klimatiltak og andre lokalpolitiske omsyn, økonomisk risiko og manglande kompetanse og kapasitet. Det er i det heile sjeldan at eit tiltak blir sett i verk hovudsakleg av klimaomsyn. Som regel er det andre argument som er viktigare, ofte økonomisk gevinst eller håp om nyetablering av verksemder i kommunen. Manglande drivarar aukar sjansen for at klimavennlege tiltak ikkje blir prioritert fordi andre omsyn ikkje er tilstades eller kjem i konflikt med klimatiltaket.

På bakgrunn av desse funna presenterer rapporten ei rekkje råd til kommunane, KS og staten om korleis dei kan stimulere til fleire lokale, tverrsektorielle klimatiltak.