Klimaseminar i Sogndal 25. april

"Er det forskernes oppgave å formidle alvoret i klimautfordringene?" Torsdag 25. april 2013 arrangerer Vestlandsforsking i samarbeid med Cicero og Norsk bremuseum klimaseminar i Sogndal.

Aslak Sira Myhre, dagleg leiar i Litteraturhuset i Oslo, hadde for ei tid tilbake ein kronikk i Dagbladet med tittelen «De nye dommedagsprofetene» og tilhøyrande ingress: «Miljøbevegelsen bruker klima til å grunnlegge en ny religion for den vestlige middelklasse.» I den andre enden av skalaen har Morgenbladet på si førsteside i vår følgjande overskrift: «Klimaforskerne sensurerer seg selv. Angrepene fra skeptikerne er så harde at klimaforskerne demper seg for å unngå bråk».

Vestlandsforsking, Norsk Bremuseum og Senter for klimaforsking (CICERO) inviterer til eit dagsseminar som set klimaforskinga og klimaforskarane under lupa.

Seminaret vert opna av professor Olav Orheim frå Norsk Bremuseum. Seminaret vert så innleia av ein av dei fremste klimaforskarane i Norge, professor Helge Drange ved Universitetet i Bergen, som fortel om ny innsikt frå det pågåande arbeidet i FNs klimapanel. Så vil mangeårig kommunikasjonsrådgjevar ved CICERO, Christian Bjørnæs, snakke om sine erfaringar frå formidling av klimaforsking, før journalist og frittståande politisk analytikar Aslak Bonde svarer på følgjande spørsmål: Kven bør fylle rommet i klimadebatten mellom forskinga og beslutningstakarane? Er det forskarane sjølve, forskingsjournalisten eller kommunikasjonsbyråa?

Seminaret vert avslutta med ein paneldebatt med dei tre innleiarane, samt Haavard Stensvand (beredskapssjef, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), professor Olav Orheim (Norsk Bremuseum) og Noralv Pedersen (journalist i NRK Sogn og Fjordane). Panelet skal svare på følgjande spørsmål:

  • Korleis bør klimaforskarane formidle si forsking?
  • Kva bør vere klimaforskarane si rolle i samfunnsdebatten?
  • Kva bør beslutningstakarar og folk flest få vite om klimautfordringane?

 

Målgrupper for seminaret

•    Klimaforskarar med bakgrunn i både natur- og samfunnsfag
•    Beslutningstakarar innan privat og offentleg verksemd
•    Studentar ved Fosshaugane Campus i Sogndal

Påmelding

Seminaret er gratis men folk må betale for lunch.

Lokale

Sogndal vidaregåande skule (nybygget) - Trollsalen - kl 10.30 - 15.30

Arrangørar

Campusseminaret blir arrangert av Vestlandsforsking i samarbeid med Norsk Bremuseum og CICERO Senter for klimaforskning.
Arr.komité: Carlo Aall (caa@vestforsk.no) fra Vestlandsforsking, John Brekke (john@bre.museum.no) fra Norsk Bremuseet og Kristin Linnerud (kristin.linnerud@cicero.oslo.no).