Klimaproblemet: Justering eller omstilling av samfunnet?

Carlo Aall og Kristine Skarbø ved Vestlandsforsking bidreg med to av i alt 27 vitskaplege artiklar i ein artikkelsamling frå den første internasjonale vitskaplege konferansen som tek opp spørsmålet om det er tilstrekkeleg å justere samfunnet for å unngå klimaproblemet, eller om vi også må omstille samfunnet meir grunnleggjande; det som på engelsk vert kalla "societal transformation".

I artikkelen "When is Change Change? What can we learn regarding societal transformation in the face of climate change from the previous work of local authorities on promoting sustainable development?" viser Aall og Skarbø til eksempel frå to tiår med lokalt miljøvernarbeid der kommunar har fått til omstilling på nokre miljøområde. Forfattarane rår m.a. til at representantar frå lokal forvaltning blir invitert som formelle deltakarar i dei internasjonale klimaforhandlingane, m.a. ut frå erkjenninga av at foregangskommunar på klimaområdet ikkje berre går framfor andre kommunar – men også framfor sine respektive nasjonale styresmakter.

I artikkelen "Climate change in Andean cosmovision: An indigenous perspective on the transformative power of worldview", skrive i samarbeid mellom Skarbø, Kristin VanderMolen (USA) og Rosa Ramos (Ecuador), vert det sett fokus på korleis klimaendringane vert opplevde og tolka av eldre i Andesfjella. Dei viser at det er ein samanheng mellom kva vi trur om forholdet mellom menneska og naturen, korleis vi handlar, og igjen korleis naturmiljøet svarar på handlingane våre. Frå dette perspektivet kan ein kime til samfunnsendringar for å rette på forstyrringane i klimaet vere å endre på grunnleggjande oppfatningar om mennesket si rolle i forhold til det levande miljøet vårt. 

Artikkelsamlinga kan lastast ned her - Proceedings - Transformation in a changing climate