Klimakonvensjon for fjellregionar i Europa

Vestlandsforsking deltek med to innlegg på den første klimakonferansen til organisasjonen Euromontana. Samanslutninga av europeiske fjellregionar der m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem, skal vedta ein "klimakonvensjon" som skal gi fjellregionar i Europa ei felles forståing om kva klimaendringane kan føre med seg av nye utfordringar for desse regionane.

Korleis kan fjellregionane utvikle ein felles politikk som integrerer arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringar?

I det første innlegget held Carlo Aall ein presentasjon der han anbefaler fjellregionane å skifte fokus frå"justering" til "transformering" i sin klimapolitikk. Då blir det mellom annet viktig å ta vare på - og ikkje la gro igjen - dei areala der det er muleg å auke omfanget av "fossilenergifri" matproduksjon, eksempelvis fjellbeiteområde. Det andre innlegget er del av eon parallellsesjon leia av varaordfører i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Åshild Kjelsnes, med temaet klimatilpassing og naturskade. Her viser Carlo Aall til erfaringene fra naturskadehendingar i Norge og viser til at bedre planlegging - uten nødvendigvis å invistere store summer i ulike "beskyttelsestiltak" - kan redusere faren for naturskade i mange tilfeller.

Begge presentasjonane ligg som vedlegg.

På europeisk klimakonferanse, oppslag på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune