Klimaendringar - reparere eller førebyggje?

Klimaendringar bidreg til at naturskadar i mange tilfelle både blir meir omfattande og meir kostnadskrevjande enn tidlegare. Dette er eit faktum som også kommunesektoren må forholde seg til.

I eit nytt KS-prosjekt skal Vestlandsforsking, saman med m.a. Sintef Byggforsk,  sjå på reelle kostnader ved reparasjon av skader i samband med store værrelaterte hendingar versus førebygging.

I prosjektet skal det utarbeidast ein metode som kan hjelpe kommunane å ta stilling til korleis dei skal møte desse utfordringane.   Skal ein ta kostnadane når ulykka skjer eller ta kostnadane ved å førebyggja?

Meir om prosjektet

Sjå også aktuelt  på KS si side