Klimaendringar gjer at samfunnet må planlegge og sikre eksisterande infrastruktur betre

Ein analyse av skadane etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014 viser at vi har store utfordringar når det gjeld sikring av bygg som vart reist før dagens regelverk om naturskadeførebygging vart innført. Flaumen råka også nye bygg som var oppført i tråd med dagens regelverk. Dette viser kor vanskeleg det er å drive trygg arealplanlegging med eit klima i endring.

Vestlandsforsking har på oppdrag frå Norges vassdrags- og energidirektorat, Jernbaneverket, Statens vegvesen og Statens naturskadefond analysert skadane som oktoberflaumen i 2014 førte til i Lærdal, Aurland (Flåmsdalen), Voss sentrum og Odda sentrum. – Utgangspunktet for prosjektet var å analysere i kva grad manglar ved planlegginga kan forklare skadeomfanget, seier prosjektleiar Halvor Dannevig.

– Det ser ikkje ut til at kommunane har gjort opplagte feil i høve til lovverket, funna peikar meir i retning av nokre grunnleggande manglar med heile plansystemet som vi står overfor når det gjeld førebygging av naturskade. Desse utfordringane vil bli enda større i framtida, med tanke på uvissa som er knytt til klimaendringane, seier Dannevig.

I Flåmsdalen og Odda tok flaumen med seg til saman 11 hus og fire bruer. Skadane råka i hovudsak eldre hus som også var reist utan reguleringsplan, og dermed utan dei vurderingane av naturskaderisiko som lovverket krev i dag. Desse eksempla illustrerer det viktige poenget at vi i Norge har svært mykje fysisk  infrastruktur som ikkje har vore gjenstand for risikovurdering i høve til naturskade. Det er først og fremst eit problem for dei som blir direkte råka, men slike manglar ved samfunnstryggleiken er også ei utfordring for styresmaktene, sjølv om kommunane eller andre ikkje formelt kan lastast. Dette reiser det viktige spørsmålet om korleis kommunane skal førebygge skade i område med eksisterande infrastruktur og ofte eldre planar, spørsmål som dagens regelverk ikkje gir klare svar på.

Analysen av flaumen i Flåmsdalen viser at elva tok med seg bustader som låg utanfor sona for 200-årsflaum, sjølv om hendinga her berre svarte til ein 75-årsflaum. Dette kom av at Flåmselvi grov vekk grunnen som husa sto på, slik tilfellet også var langs Opo i Odda sentrum. Dette rettar søkelyset mot erosjon som eit viktig tema for det skadeførebyggande arbeidet i åra som kjem, seier Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

– Mykje merksemd har hittil vore retta mot fare for overfløyming, medan fare for erosjon ser ut til å ha vore mindre framme i risikovurderingane knytt til flaum. Derfor er det truleg naudsynt å leggje meir vekt på å analysere erosjonsfare, venteleg også flaumskredfare, ved faresonekartlegging. Slike vurderingar må i neste omgang ligge til grunn for arealplanlegging og sikringsarbeid.

Studien av oktoberflaumen omfatta også to konkrete skadetilfelle på Voss. Voss kulturhus, som sto ferdig i januar 2011, vart reist i tråd med planlovgjevinga og flaumsonekartet som vart utarbeidd i 2006. Her vart det omfattande flaumskade sjølv om byggherren hadde følgt tilrådinga frå NVE og lagt bygget over grensa for 200-årsflaum pluss eit klimapåslag på 30 cm. Då Vangsvatnet gjekk over det nivået, fekk det store følgjer for kinosal og maskinrom, som ligg nedsenka under grensa for 200-års flaumnivå slik ho vart fastsett i 2006. Oktoberflaumen i 2014 gjekk over dette nivået, og blei først definert som ein 700-årsflaum. I etterkant viste det seg at om ein hadde tatt omsyn til kunnskap om historiske flaumar på 1700-talet og ikkje berre vassmålingar av vassdraget tilbake til ca. 1900, ville flaumsonekartet sin definisjon av 200-årsflaum om lag ha svart til den vassmengda som kom under oktoberflaumen i 2014. Dette viser verdien av skadehistorikk som rettesnor for arealplanlegginga, også når ein skal førebu seg på effekten av klimaendringar.