Kan idéen din bli til eit EU-prosjekt?

Prosjektverkstad om IT og beredskap (helse, tryggleik, klimaomstilling og energi) Stad: Quality Hotel Sogndal Tid: 31.05.2017 kl. 10:00-15:00

EU sitt rammeprogram, Horisont 2020, er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Regionalt EU-nettverk i Sogn og Fjordane inviterer til ein prosjektverkstad for deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø. Målet er å identifisere idear og behov i regionen som kan danne utgangspunktet for prosjektsøknader gjennom eit samarbeid med FoU-institusjonar.

På prosjektverkstaden vil vi særleg ta for oss områda IT og beredskap. Det betyr at verkstaden særleg er relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi.

For agenda sjå vedlegg høgre side.

Påmelding innan 24. mai til zno@vestforsk.no