IT-utdanning til Sogn og Fjordane

Det har vore arbeidd i fleire år med å etablere ei IT-utdanning i Sogn og Fjordane etter at den førre vart lagt ned på 2000-talet. Dette arbeidet er eit stort steg nærare fullføring, når det no er klart for 10 IT-studieplassar til fylket.

Arbeidet med å etablera ei IT-utdanning har so langt lykkast i å skaffa 10 statleg finansierte studieplassar til ei bachelor-utdanning i Sogn og Fjordane frå hausten 2017. Arbeidet starta opp alt i 2014 etter eit initiativ frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking arbeidde fram ein søknad til Innovasjon Norge om eit kompetanse-utviklingsprosjekt som vart innvilga i 2014. Seinare har både Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og INU-FSF (tilbakebetalte midlar frå arbeidsgjevaravgift) finansiert arbeidet som har vore leia frå Vestlandsforsking og IT-forum.

I prosjektet har det komme fram at næringslivet i fylket ynskjer ei IT-utdanning  som er næringsretta og relevant for bedrifter i regionen, og at det er eit stort behov for eit styrka og brukartilpassa  eit regionalt tilbod om IT-utdanning. Prosjektet har sett på vilkår og moglegheiter for å få starte opp att ei IT-utdanning i fylket etter at den førre vart lagt ned på 2000-talet. Det er etablert dialog med IT-bedrifter, både private og offentlege, både for å få fram behova for IT-kompetanse og å sikra medverknad til ei IT-utdanning. Vidare har prosjektet fått Høgskulen i Sogn og Fjordane til å oppretta ein studieplankomité hausten 2016, og det heile har resultert i tildeling av studieplassar. Arbeidet framover blir retta mot rekruttering til studiet, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

-  Å legge til rette for studieplassar innan IT for å møte næringslivet i Sogn og Fjordane sine behov for nøkkelkompetanse er viktig arbeid, seier direktør Merete Lunde i Vestlandsforsking.  - Vi er glade for at dette arbeidet no har komme eit stort steg framover. Målet er at satsinga på IT-kompetanse vil styrke grunnlaget for både eksisterande og nye arbeidsplassar i fylket, seier Lunde.

Startar hausten 2017

Det faglege grunnlaget for IT-utdanninga er no lagt gjennom IT-forum, med Vestlandsforsking som prosjektleiar og i tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det økonomiske grunnlaget er òg på plass ved at styret i den nye Høgskulen på Vestlandet har løyvd midlar til ti studieplassar.

-  Dette er storveges, og viser at samarbeidet mellom næringsliv og offentlege aktørar i IT-forum er viktig for utviklinga i fylket, seier leiar i IT-forum Sogn og Fjordane, assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid.

 


Kontaktpersonar

Merete Lunde

Direktør

996 07 678

ml@vestforsk.no

(Foto: Falkeblikk © None)