IT-forum arrangerer IKT-seminar for skular og barnehagar

IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer erfaringssamling på Sunnfjord hotell i Førde 2.-3.desember.

Det blir mange godbitar på seminaret og vi håpar at flest mogleg kan prioritere å kome anten ein eller begge dagar!

Her er nokre punkt frå programmet:

  • Kahoot
  • Vaken og vågal i Vågå (Korleis Vågå kommune sette ikt på dagsorden i sine skular og gjennomførte ei storstilt kompetanseheving)
  • Nettbrettprosjekt i fylket
  • OneNote og portal (gode verkty i klasserommet)
  • Omvendt undervisning
  • Vokal/puls
  • LMS (Fronter, It`s Learning og CLG)
  • “Lær kidsa koding”
  • Digital Dømmekraft (Erik Westrum, Senter for ikt i utdanninga)
  • Office365

Det er allereie 100 deltakarar på seminaret og siste frist for påmelding er 25. november.

Fullstendig program