Internasjonalt forskartreff om stordata og kriser

Forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Norge er samla i Sogndal for å starte opp eit forskingsprosjekt om stordata og krisehandtering.

– Det er ikkje kvar dag vi samlar IT-forskarar frå tre universitet i USA, to i Japan, eitt i Hong Kong og Universitetet i Bergen, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Instituttet skal dei neste tre åra leie forskingssamarbeidet om korleis ein kan bruke stordata til å handtere kriser.

Digre datasett

Kvar gong vi dreg eit betalingskort, blir data skapt og lagra. Samfunnet vårt produserer enorme mengder informasjon av denne typen, og det skjer i stadig raskare takt. Men fjella av informasjon er ingen digital søppeldunge. IT-forskarar kallar slike svære datasett for «stordata» eller «big data». Desse datasetta har til felles at dei er for svære, for raskt veksande og for ueinsarta til å passe inn i strukturane til dagens databasearkitektur.

Forskingsmiljø over heile verda, inkludert dei som deltek på treffet i Sogndal, arbeider med å utvikle smarte måtar å tolke stordata på. Når forskinga på dette feltet har gjort framsteg, er det nemleg ikkje utenkeleg at digre og tilsynelatande unyttige datasett kan bli ei kjelde til livsviktig innsikt – til dømes under kriser.

Kan redde liv

Sogn og Fjordane skil seg ut som eit fylke med mykje vill natur og mange vêrrelaterte hendingar. Vi opplever stadig kriser der ekstremvêr spelar ei rolle, og der naturen blir uføreseieleg, og då er det alfa og omega for utfallet at samfunnet er godt førebudd. Forskarane i det nye samarbeidet, som denne veka beundra dei dramatiske landskapa mellom Fjærlandsfjorden og Bøyabreen, ser ikkje vekk frå at analysar av stordata om nokre år kan bli til effektive verktøy for offentlege og private aktørar som har som jobb å handtere kriser.

I prosjektet snakkar ein endåtil om at stordata kan fungere som ei krystallkule.

– Det kan handle om å bruke store mengde data til å seie noko om kva som med stort sannsyn vil skje i framtida, forklarer Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking, som skal koordinere det nye prosjektet.

Gjesteopphald

I prosjektet legg Vestlandsforsking opp til at studentar og forskarar kan arbeide hjå kvarandre i kortare periodar.

– Slikt samarbeid er alltid spennande. Eg ser fram til å ha doktorgradsstudentar både frå USA og Asia ved instituttet i periodar, seier Merete Lunde.

I prosjektet skal forskarane arbeide med problemstillingar i dei ulike landa om nye innovative løysingar for å vere godt budd på kriser, system for handtering av kriser og for gjenoppbygging av samfunnet etter ei krise. I tillegg skal prosjektet bidra til gode, framtidsretta IT-utdanningar.

– For Vestlandsforsking er det verdifullt å knytte til seg forskarar frå andre land. Det gir fagleg styrke til forskingsområda våre, og vi tek i vare rolla vår som brubyggjar mellom internasjonale kompetansemiljø og regionen, seier Lunde.

Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet sitt INTPART program (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning). INTPART skal bidra til at norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar utviklar varige relasjonar med sterke fagmiljø og institusjonar i prioriterte land. INTPART er et samarbeid mellom SIU og Forskningsrådet. Les meir her: http://www.forskningsradet.no/prognett-internasjonale-stipend/Om_INTPART/1224529255788

Prosjektet har fåt namnet «Transnational Partnership for Excellent Research and Education in Big Data and Emergency Management» (BEDM), og har eigen nettside: https://www.bigdata.vestforsk.no/

 

Artikkel i porten.no: http://www.porten.no/artikler/nyhende/vestlandsforsking-leiar-internasjonalt-forskingsprosjekt

 


Kontaktpersonar

Internasjonalt forskartreff - besøk hjå Vestlandsforsking

Internasjonalt forskartreff - besøk hjå Vestlandsforsking