Forskarar om kunnskap, følelsar og klimapolitikk

Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking er ein av 14 norske forskarar som fortel om kva dei eigentleg føler når det gjeld den globale oppvarminga, og korleis dei opplever det når dei ser at klimakunnskapen gang på gang kjem til kort.

Besteforeldreaksjonen har spurt norske forskarar om global oppvarming og fått ulike svar. Nokre av dei vil ikkje ha noka meining om saka, og overlet alt som smakar av «politikk» til politikarane. Men mange er også åpne på sin frustrasjon over at dokumenterbare fakta ikkje har fått den plass i beslutningane som er nødvendig dersom vi skal takla utfordringane. Det er blitt eit kappløp med tida. «Vi forskere må gjøre det klart, vi må snakke med høye stemmer og enkle ord», seier ein av dei.

Les mer på nettsiden: besteforeldreaksjonen