Forskar ved Vestlandsforsking i The Economist og Newsweek

Å reise langt og ofte gir høg sosial status i dagens samfunn. Ein fagartikkel om dei negative sidene ved hyppig reising har hausta stor internasjonal medieinteresse dei siste vekene. Saken er flittig delt i sosiale media.

Stefan Gössling er professor i berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og Linnaeus University i Sverige. Han har skrive fagartikkelen «A darker side of hypermobility» saman med Scott Cohen ved University of Surrey. Den britiske avisa The Telegraph publiserte nyleg eit intervju med Cohen om dei lite omtalte ulempene ved hyppig reising. Sidan har saka har rulla over dataskjermar verda over, med oppslag i land som Tyskland, India, Iran, USA og Australia. Medium i Canada, Nederland og Irland har kontakta forskarane, og dei mange oppslaga er blitt flittig delte på sosiale medium. Saka vart "Top story" på The Economist si nettside, og er no også fanga opp av Newsweek.

Essensen i det forskarane har lagt fram, er at det å reise langt og ofte kan ha ein del alvorlege skadeverknader som det blir snakka for lite om. Dei har studert korleis ein såkalla «hypermobil» livsstil blir framstilt i media og reklame, og meiner reisinga blir glorifisert. Med andre ord blir det snakka for lite om dei negative sidene ved overdriven reising. Det kan handle om helseproblem som blodproppar etter lange flyturar, psykisk stress, einsemd og sakn eller samlivsbrot etter mykje bortetid. I tillegg kjem skadane på miljø og klima som særleg lange flyreiser bidreg til. Gössling og Cohen peikar vidare på at hangen til å dele bilete frå fjerne reisemål på sosiale medium, som Instagram og TripAdvisor, forsterkar jaget etter mobilitet og byggjer opp under den skeive framstillinga av ein hypermobil livsstil.

Lenke til fagartikkelen:

Cohen, S.A. & Gössling, S. (2015). A darker side of hypermobility. Environment and Planning  A, 47, DOI: 10.1177/0308518X15597124

Lenkjer til oppslaga:

The sad, sick life of the business traveller - The Economist

Frequent Air Travel Has Hidden Health Risks and Social Consequences - Newsweek

The glamorous life of a frequent traveler is a lie, researchers say - Mashable

Frequent travel is damaging to health and wellbeing, according to new study - Medical News Today

Frequent travel may damage health and wellbeing: study - Business Standard

Frequent flyers lose health, family love too - Yahoo! India

Love traveling? Think twice! - Sakhi Post (India)

Frequent flyers lose health, family love too - Sify

Frequent flyers lose health, family love too - India Online

Frequent flyers lose health, family love too - International Travel News

Jetset-Leben im Netz gefährlich glamourisiert - Press Austria

Jetset-Leben im Netz gefährlich glamourisiert - Wallstreet Germany

Frequent travel is damaging to health and wellbeing, according to new study - Press-News

Frequent travel is damaging to health and wellbeing, according to new study - Health Update

Forget Instagram: Study reveals health risks of frequent travel - Fox News

The Dark Side Of Travel Nobody's Talking About - The Huffington Post