Førdefjorden må bli større enn seg sjølv

Det vil bli ei stor utfordring å handtere dei miljøproblema som ei ny satsing på gruvedrift i Norge kan medføra, seier professor i berekraftig utvikling, Carlo Aall, i eit debattinnlegg i Bergens Tidende.

Kan Engebøsaka bli «større enn seg sjølv», eller vil den halda fram med å vera ei «sak», avgrensa til spørsmålet for eller imot fjorddeponi? Det er tre forhold som peikar i retning av det første. Miljøsaker som er større enn seg sjølv er sakene som vekker debatt som famnar breiere enn sjølve saka, og der det ikkje nødvendigvis er ein samanheng mellom utfallet av saka og den større debatten. Skal Engebøsaka bli noko meir enn ei enkeltsak, bør den koblast til dei større miljøtruslane som ligg bak, seier Carlo All.

Les debattinnlegget her: http://www.bt.no/meninger/debatt/Fordefjorden-ma-bli-storre-enn-seg-selv-3414442.html