ENOVA støttar utgreiing av «Smart Grid Øyrane»

Hellenes Yard, Tibber, Sunnfjord Energi, Vestlandsforsking og Sfiinx har fått støtte frå Enova til ei konseptutgreiing for smarte energisystem på Øyrane i Førde. Utgreiinga skal gje svar på korleis ein kan utnytte energiressursar på ein best muleg måte innanfor industri- og bustadområdet.

Utgreiinga om Smart Grid Øyrane skal svare på problemstillinga: «Kva er det teknisk- økonomisk- miljømessige potensialet ved å kople saman og integrere dei eksisterande og planlagte energisystema på Øyrane?» Det er Vestlandsforsking som har ansvaret for å gjennomføre den teknisk-økonomisk-miljøanalysen i prosjektet, i nært samarbeid med dei andre prosjektpartnarane.

- Vi ser fram til å bidra med kunnskap som grunnlag til nye og innovative løysingar for smarte energisystem og berekraftig bruk av overskotsressursar i fylket, seier Øyvind Heimset Larsen i Vestlandsforsking.