Eit utmerka eksempel på forskingsinstitutt

Vestlandsforsking kjem særs godt ut i ei evaluering av norske forskingsinstitutt. Det nordisk ekspertutvalet, som har utført evalueringa, gjev instituttet i Sogndal høg score.

Vestlandsforsking blir framheva for å levere kunnskap av høg kvalitet både til privat og offentleg sektor. Utvalet legg særleg vekt på den sterke samfunnsrolla som instituttet har i Sogn og Fjordane, både i den økonomiske utviklinga og i oppbygging av det høgare utdanningssystemet. Instituttet får også ros for å markere seg i viktige nasjonale forskingsfelt som til dømes klima og miljø, og instituttet si deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid vert trekt fram som positivt. At oppdragsgjevarane stadig kjem tilbake til Vestlandsforsking med nye prosjekt, er eit teikn på at forskarane i Sogndal leverer høg kvalitet som er relevant for ulike delar av samfunnsutviklinga, heiter det i rapporten som nyleg vart presentert av Forskningsrådet i Oslo.

Skårar høgt på kvalitet og relevans

-Evalueringen bekrefter vår oppfatning av Vestlandsforsking som et sterkt forskningsinstitutt som skårer høyt på både kvalitet og relevans. Vestlandsforsking evner å kombinere det regionale aspektet med det internasjonale, seier seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet sin forskingsavdeling, Gørill Kristiansen.

Stolt og glad

-Eg blir både stolt og glad over at Vestlandsforsking kjem så godt ut av ei omfattande evaluering. Det seier styreleiar Trude Brosvik. – Evalueringa viser at arbeidet vi gjer er i tråd med forventningar frå Forskingsrådet, seier Brosvik. - Dermed kan vi holde fast på strategien vår om å bidra med relevant FoU-aktivitet i både Sogn og Fjordane, på landsplan og i EU om til dømes digitalisering, velferdsteknologi, kommunal miljø- og klimapolitikk og reiseliv, seier Trude Brosvik. Dette var ein flott attest, seier styreleiaren.

I alt 22 samfunnsvitskaplege institutt har blitt evaluert av det nordiske ekspertutvalet. Målet har vore å kartlegge statusen, peike på forbetringspotensialet og vurdere eventuelle strukturendringar i instituttsektoren. Det ligg eit omfattande evalueringsmateriale til grunn for rapporten, blant anna ein gjennomgang av vitskapleg publisering og intervju med brukarar og samarbeidspartnarar.

Samarbeid i regionen

-Det er viktig for instituttet å bidra med nyttig ny kunnskap til bruk for både forvaltning, næringsliv og samfunnsliv, seier direktør ved Vestlandsforsking Merete Lunde. Evalueringa trekker fram samarbeidet og aktiviteten som Vestlandsforsking gjennom fleire år har hatt i IT-forum i Sogn og Fjordane, samt samarbeid med høgskulen, som positivt for regionen.

- Det er ein styrke for FoU-miljøet i Sogn og Fjordane at vi er tett på både forvaltning og næringsliv, og når vi bestemmer oss for å samarbeide om felles utfordringar og potensiale, gir det resultat, seier Merete Lunde. Evalueringa trekker fram satsinga på reiselivsforsking i regionen som positivt. - Eg er glad for at fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og andre med interesser innan reiseliv har lagt til rette for ei historisk stor satsing på å bygge forskingsmiljø på dette område seier Merete Lunde. Målet med satsinga er at FoU-miljøet i Sogn og Fjordane skal vere konkurransefortrinn for reiselivet i regionen.

Viktig for samfunnet

Evalueringa av dei samfunnsvitskaplege institutta viser at dei spelar viktige roller i det norske kunnskapssystemet og har positiv innflytelse på utvikling av politikk og samfunn.

-Dei gode tilbakemeldingane for Vestlandsforsking er eit resultat av det strategiske arbeidet som har vore lagt ned over lang tid, med satsingar på viktige fagområde som klima og miljø, reiseliv og integrering av teknologi i samfunnet, med utdanning av doktorgradskandidatar og satsing på vitskapleg publisering, seier direktør Merete Lunde. Mykje av styrken vår ligg i det tverrfaglege forskingsmiljøet ved instituttet og tett samarbeid med brukarane, seier Lunde.

Les meir om evalueringa hos Forskingsrådet her: http://www.forskningsradet.no/no/Nyheter/Dei_samfunnsvitskaplege_forskingsinstitutta_er_ein_stor_verdi_for_Noreg/1254024956502?WT.mc_id=nyhetsbrev-ForskningsradetNorsk

Kontaktpersonar: Styreleiar Trude Brosvik, tlf. 91314389, e-post: Trude.Brosvik@gulen.kommune.no

Direktør Merete Lunde, tlf. 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

 

VF - Personalsamling Sandane 2016

VF - Personalsamling Sandane 2016