Deltaking for endring - artiklar i internasjonalt tidsskrift

Forskarar ved Vestlandsforsking står bak to artiklar i eit temanummer om regional utvikling i det internasjonale tidsskriftet Systemic Practice of Action Research.

Redaktøren av temanummeret, professor Morten Levin ved NTNU,  fokuserer på at endring og utvikling både i bedrifter, lokalsamfunn og regionalt, vert skapt av menneska i systema (organisasjonane) og ikkje av eit uangripeleg regionalt innovasjonssystem. Kollektiv handling veks fram i den grad menneska i desse systema har felles verdiar, interesser  og måtar å sjå røynda på.

Temanummeret og artiklane finn du her: http://link.springer.com/journal/11213/26/1/page/1

Forskarane Geir Strand og Ingjerd Skogseid set fokus på deltakande endringsprosessar i to industribedrifter i Sogn og Fjordane i artikkelen: ”Management and employees’ collaboration - is the Norwegian work life modell suited for all?" Dei ser på korleis bedriftskultur og –verdiar påverkar endringsprosessar i bedriftene og forholdet mellom leiinga og dei tilsette. Artikkelen føreslår strategiar for korleis skape eit miljø som opnar for deltaking i endringsprosessar.

Forskar Eivind Brendehaug identifiserar føresetnadene for reell deltaking i ein statleg verneplanprosess i artikkelen: ”How local participants in national planning creates new development oppurtunities”. Han finn at tre faktorar er avgjerande: 1) tidleg mobilisering mellom dei lokale deltakarane med utvikling av eigne analysemodellar, 2) at staten har ein intensjon om å gi deltakarane innverknad og struktur for å implementere endring, og 3) at konfliktar vert handsama pragmatisk av staten ved å kome deltakarane i møte.