Bergensar? Vi treng deg!

Alternativ tekst
Bildetekst.

Vestlandsforsking skal i vår gjere ein studie om klima og forbruk i Bergen. Til intervjua er vi på jakt etter 75 husstandar.

I midten av april får 750 husstandar i Bergen brev frå Vestlandsforsking. Vi treng nemleg 75 husstandar til ei studie om forbruk og klima. Dei som får brevet, blir spurde om å delta i ei undersøking som den Karen Richardsen Moberg gjennomførte i eit innslag på Dagsrevyen og Vestlandsrevyen 12. april.

Sjå innslag i Vestlandsrevyen/Dagsrevyen 12.04.2016

Skjema om eigne vanar

Takkar du ja til å delta, betyr det i første omgang at du fyller ut eit nettskjema om kvardagsvanar som betyr noko for klimaet (som mat, reiser og oppvarming). Opplysningane set vi saman til eit bilete av korleis forbruket ditt ser ut i dag, med klimaforskaren sine briller. Det vi reknar ut, er kor stort «klimafotavtrykk» hushaldet har i dag.

Klimaspelet

Det andre deltakarane gjer, er å treffe ein forskar for å spele eit «klimaspel». Spelet går ut på at forskaren legg fram kort med ulike klimatiltak folk kan gjennomføre sjølv. Oppgåva til deg som deltek, er rett og slett å plukke ut dei tiltaka du helst ville ha starta med gitt at du måtte kutte noko. Dette gir forskarane innsikt i kva slags område folk føretrekker å starte med viss dei må endre på noko. Merk at dei som deltek i studien ikkje må gjennomføre tiltaka i praksis.

Umeå, Mannheim og Pays d’Aix

Vestlandsforsking gjer undersøkinga i Bergen i mai og juni 2016. Tilsvarande undersøkingar blir òg gjennomførte i Umeå i Sverige, Mannheim i Tyskland og Pays d’Aix i Frankrike av samarbeidspartane våre i desse landa. Forskarane sitt mål er å lage seg eit solid bilete av korleis innbyggjarane i dei utvalde byane ønskjer å gå fram for å bidra dersom dei må kutte noko.

Nyttig for politikarane

Til no har klimapolitikken retta seg lite mot private hushald, men dette vil truleg endre seg både i Norge og EU. Då vil politikarane ha stor nytte av undersøkingar som denne.

Ein siste intervjurunde vil òg bli gjennomført med 20 av husstandane som deltek i Bergen. I denne siste runden vil forskarane snakke meir om kva som kan motivere ein til å setje i verk eit bestemt tiltak og kva som eventuelt stoppar ein.

Vil du vere med, ring eller ta kontakt med oss på hope@vestforsk.no.

Her finn du prosjektet si facebook-side med meir informasjon: https://www.facebook.com/hopenorway/?fref=ts

Dersom du ynskjer å delta så kan du kontakte Marta på epost ​mba@vestforsk.no  (​telefon 45119819) eller registrer deg på HOPE hovedwebsite: http://goo.gl/Lfcm2n .

Sjå også: Så mye luksus er de villig til å kutte -  Artikkel NRK Hordaland 12.04.2016