Både jenter og gutar kan kode

Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt.

Medan læreplan (LK06) i grunnskulen legg vekt på digital kompetanse i form av kommunikasjon og presentasjon, bruk og gjenbruk av innhald i teknologien, er det for framtida behov for større fokus i skulen på teknisk forståing, kjennskap til korleis datamaskiner fungerer og til programmering.

- Vi ser ei auka interesse for å lære barn å kode gjennom grupper av frivillige som tilbyr kurs både utanfor og innafor skulen. Skulen i framtida kjem til å innehalde koding i tillegg til mykje anna knytt til digital kompetanse. Ein skule utan dette som ambisjon for generasjonar i framtida verkar utenkeleg, seier forskar Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking.

Les meir på forskning.no her: http://forskning.no/skole-og-utdanning/2015/12/bor-kidsa-kode-pa-skulen